Jensaneset

Om kystlaget

Arbeidet med å laga lister over båtane som er bygde i Sagvåg, har gått over fleire år. Asbjørn Aasheim har gått gjennom protokollar og rekneskapsbøker, aviser og gamle bilbrev. Bilbrev vil seia heimelsbrev, den attesten som følgjer alle nybygde skip. Vert utsteden av verkstaden, og inneheld skipsopplysningar som byggjeår, eigar tilhøve, byggjenummer og tekniske spesifikasjonar.

Sigurd Ottesen har arbeidd med å samla opplysningar, spesielt frå Ottesen Skibsbyggjeri, og frå verven i Breiavikjo. Me har vore i kontakt med fleire som har vore med å byggja båtar i Sagvåg, og har fått tilleggsopplysningar den vegen.
Allereide tidleg i arbeidet fann me ut at det ikkje er mogleg for oss å laga eit fullt oversyn over alle båtane som har vorte sjøsett i bygda. Til og med den seinare historia er lite tilgjengeleg. Mellom anna er det usikkert om me har klart å få med ei full liste frå Elektrosveis, sjølv om første båten derifrå vart levert så seint som i 1954. For skipsbyggjeriet på Holmen er det òg store hol.
Me vil at alle de som har noko å fortelja om båtane, eller skipsbyggjeria, tek kontakt med Terje Lamo eller Svein Ottesen. På den måten vil me kunna samla meir stoff om dette, for oss svært interessante lokalhistoriske emnet.

Smia

Oppgangsaga