Lagshuset

Om lagshuset

Litt om sjølve huset:
Huset er bygd i 1908, og sjølv om huset ikkje direkte er i kategorien ”verna” eller ”freda” bygning, er og utgjer den ein viktig lekk i Sagvåg si historie. Huset er eit bindingsverkshus, med grove bjelkar, bygd omlag på same måten som dei bygde sjøhus før i tida. Det er eit kaldt hus, m.a. må ein isolera i vegger, golv og tak. Noko av dette arbeidet har alt starta. Me kan leggja til; bygningsverns konsulenten i Stord Kommune, Bjørn Arve Lunde, har tilrådd at me tar vare på huset, og får det tilbake i opphaveleg stand.

Det var opprinneleg, som namnet seier, ei av 3 krambuer ved kaien i Sagvåg. Sagvågen Kystlag har i fleire år vært på jakt etter eit høveleg lagshus, og ein plass der me kan driva og ta vare på kystkulturen. No ville lukka det slikt at huset kom for salg. Me hadde ein del diskusjonar om kjøp, og me tanke på at me allereie hadde lagt ned ein god del arbeid og pengar til restaurering av huset innvendig, vedtok me kjøp av Krambua. Føremålet med huset er og å la andre lokale lag og organisasjonar nytta huset, og elles leiga ut huset til slutta lag og selskap, for å få litt midlar til drifta.

Me var og så heldige å få tildelt ein bra stor pott av pengane som Sparebank 1 Vest delte ut m.a. til kystkulturen.

Innvendig er no 1ste etasje omtrent ferdig restaurert, med nytt golv, delvis ny panel, og me får inn vatn og kloakk, eit lite kjøken som stettar dagens krav, og nye bord og stolar. Andre høgda har vorte nytta som bustad av krambu eigaren. Restaurering av dette får koma så snøgt økonomien tillet det.

Litt om historia til huset.
Sæbjørn Dale bygde i 1908 krambua, og dreiv handel der frå same året. Han dreiv også med skog, og som gardbrukar på Dahle, slik at det var andre som stod bak disken i krambua. mellom anna var det vanleg at ungjentene tok slike jobbar allereie det året då dei vart konfirmert. Ein slik jobb, kalla handelsbetjent, kunne gje ei inntekt på 380kr i året. Marknadsføring i avisa ”Sønnhordland” var det skralt med. Berre 14 lysingar frå 1908 til 1914, og då var det enkle saker: ”Bjørnseths kaffe, faaes hos Sæbjørn Dale, Sagvaag”, var den stutte meldinga.

I 1914 tok Erik Olson Saue over krambubygningen. Han var vossing, og hadde meir enn 20 års handelsrøynsle frå Bergen, men hadde også eigd og drive hovudbruket på Nysæter i 4 år før dette.
Natt til 16.mars 1917 var det innbrot hos handelsmann E. O. Saue i Sagvåg. Det kan me lesa i bladet "Søndhordland". Tjuvane var innom både butikken og kontoret. Ibuarane i huset vakna av støyen nedunder og fekk sjå fire vaksne menn forsvinna med pengeskrinet. Den nattlege visitten gav lite utbyte, men det var ei skremeleg hending i ei heller fredeleg bygd.
Tidleg på 20-talet flytta Erik Saue til Voss, truleg for å driva handel der. Hausten 1928 kom han attende til Stord. Saue kjøpte den gamle sorenskrivarbygningen i Kåravikjo og innreidde den til pensjonat.

Eldste sonen til Erik Saue, Ole (f. 1897), hadde fått skøyte på krambutufta og eit tilleggsstykke i 1920. Om lag samstundes tok han over handelen etter faren. Han hadde vore krambudreng hos far sin før, men i nokre år før 1920 var han bokhaldar hos Ottesen Skipsbyggeri på Jensaneset.
Det er likevel som handelsmann folk minnast Ole Saue.
Under og like etter den fyrste verdskrigen opplevde dei som hadde varer å selja betre tider enn nokon gong før. Det var mykje pengar i omløp, og kjøpekrafta var stor blant folk.
Men så kom omslaget. Både 1920- og 1930-åra var utrygge med økonomisk krise og mykje arbeidsløyse. Når me veit at kvar tredje mann var utan fast arbeid, kan me godt forstå at handelsnæringa og vart hardt råka. M.a. var det vanskeleg å få inn uteståande krav. I februar 1932 kunne ein lesa i «Sunnhordland»: «Bekjendtgjørelse. Til vore kunder! Grunnet de vanskelige tider og strenge betingelser til vore engrosforbindelser, blir alt kreditsalg fra 1. mars d.å. kun pr. 30 dage». I Sagvåg slutta alle 3 handelsmenn seg til vedtaket. Nokre månadar etter vart det opplyst at dei same butikkane som hadde vore opne til kl. 2200 om kvelden, ville lukka dørene kl. halv åtte. Dette er altså ikkje noko nytt som handelsnæringa har funne på i vår moderne tid!
Som foreldra, budde Ole og huslyden ovanpå krambua. Ei høg, utvendig trapp førte opp til ein gong med 3 dører som gjekk inn til to stover (daglegstova vestvendt, bestestova i austre enden) og eit kjøkken. Frå gongen gjekk ei bratt trapp opp til lemen. Der sov ungane. Ole og kona hadde soverom innanfor kjøkkenet (nordaustre hyrna av huset). Den eldste av gutane deira, Erik O. Saue, var musikalsk og hadde piano ståande like bakom døra i bestestova. Det var heller sjeldan at ungane (og leikekameratane deira) fekk opphalda seg i bestestova. Den var reservert dei vaksne, og vart helst teken i bruk når det kom handelsreisande.
Det var i Ole og Agnes si tid det nye handels- og bustadhuset vart bygd på sida av. Då dei flytte inn der, leigde dei ut husværet i den gamle Sauekrambua. Seinare overtok sonen Arne handelen etter faren, men også broren Erik sto bak disken ei tid før krigen. Elles hadde dei hjelp av krambujenter.

Det er med andre ord mykje god historie bak Sauekrambua, Sagvågen Kystlag tykkjer derfor at dette huset høver godt som lagshus for et kystlag, som arbeider for å ta vare på vår mangslungne kystkultur.

 

 

 

Leige av lagshuset

Lagshuset blir nytta til lag og medlemsmøter, og kan lånes som et medlemstilbud.

Ta kontakt for meir informasjon:   Ingeborg Strand tlf. 95742357 epost; ingeborg.strand@sklbb.no